|
|
Kjære barnebarns barn
Korleis har du det? Korleis ser du på framtida? Og korleis ser du på fortida, på oss som styrde og bestemde tre generasjonar før deg, altså eit hundreår?
Knut Arild Hareide, miljøvernminister
|

|
|
Foto: CF- Wesenberg
|
Er du skuffa over det korte perspektivet vårt og alle feila våre? Ser du ikkje også strimer av framsyn og ansvar for skaparverket? Ser du at vi var skrøpelege menneske som gjorde vårt beste? No ja, kanskje ikkje alltid vårt beste.
Korleis har det gått med klimaet?
I mi tid tok vi for alvor til å skjøne at menneske ikkje berre er påverka av klimaet, men at vi faktisk er med på å skape det. Vi såg at når vi brende olje, gass og kol, slapp vi samstundes ut gassar som skapte klimaeffektar på kloten.
Vi blei òg klar over at små temperaturendringar kunne få store følgjer. Viste du til dømes at temperaturen har stege berre 6-8 grader sidan førre istid, for ca. 10 000 år sidan? Har temperaturen nå stege så mykje som ekspertane trudde for 100 år sidan- det vil seie mellom 1,4 og 5,8°C?
Men ikkje alle i vår samtid var einige i at klimaendringar var eit problem. Nokre meinte prova var for svake. Andre meinte at menneska endrar klimaet, men at det var fåfengt eller for dyrt å gjera noko med det. Men mange meinte at ein ny kurs var naudsynt og mogleg. Mange av landa i verda gjekk saman om ein avtale som skulle avgrense utsleppa av klimagassar. "Kyotoprotokollen". Har du høyrt om han? Har du lært om protokollen på skulen?
Kanskje blei denne avtala starten på ei verkeleg kursendring. Kanskje byggjer din generasjon sin velstand på andre former for energi enn dei som ligg bunden i fossilt brensel. Eller kanskje Kyotoprotokollen blei eit slag i lufta, som ikkje førte til noko som helst. Då spøkjer det vel for isbjørnen, om han finst meir i sitt opphavlege miljø.
Kanskje dei menneskeskapte klimaendringane har slått til for fullt når du les dette brevet. Det kan jo hende. Eg håpar ikkje det. Eg vel å ikkje tru det.
Eller kanskje vi tok feil, trass alt. Kanskje det var falsk alarm, det med klimaeffektar. Eg trur ikkje det heller.
Same kva, så vit dette: Vi kjempa for Kyotoprotokollen og for endå strengare avtalar. Verdas helseorganisasjon fortalde oss at kvart år døyr 160 000 menneske på grunn av ekstremt vêr og sjukdommar av klimaendringane. Til dei som sakna prov sa vi: Kva meir treng vi? Og om vi framleis tviler - kven skal den tvilen kome til gode?
Vi tenkte, på dykk. Vi tykte det var umoralsk å auke vår materielle velstand - og sende rekninga til etterkommarane våre. Vi såg at milliardar av menneske låg milevis frå vårt forbruk. Dei hadde knapt byrja å sleppe ut klimagassar, og naturen sine grenser var allereie krenka. Vi har levd i ei tid der alle har meir av materielle gode enn nokon før oss hadde hatt. Nokon har byrja å snakke om at vi har nådd både naturens og menneskas tåleevne for kor mykje vi kan eie og kjøpe. Eig de like mykje som oss? Eller har de vore nøydd til å endre livsstilen dykkar for å tilpasse det til jordas og menneskas tåleevne?
Vi var først til mølla. Men alle har det same kravet på å få kornet male til mjøl.
"Du skal gjera mot andre det du vil at dei skal gjera mot deg". Dette er den gylne regelen, som sameinar folk på tvers av tru og overtyding. Dette gjeld også dei som enno ikkje er fødde, sjølv om den alvorlege humoristen Groucho Marx har sagt: "Men kva har etterkommarane gjort for meg?"
Du veit det vi ikkje visste. Men din generasjon står sikkert føre like store og vanskelege val. De manglar kunnskap, det er tvil og strid om fakta. De er skrøpelege menneske som skal forvalte skaparverket etter beste evne. I blant er ikkje den evna nok. Men det skal ikkje halde nokon frå å ta inn over seg behova frå dei fattige og frå dei som enno ikkje er fødde.
Det de kan gjere, er å lære av våre feil, og sjå med miskunn på desse feila. Og viktigare: De kan bruke vitet og hjarta til beste for ettertida, slik vi prøvde etter vår evne.
Lykke til.
Helsing Knut Arild Hareide,
miljøvernminister
|
|
|
 |